Etiketter

tirsdag 26. oktober 2010

Å ta tyren ved horna..

I går rydda eg i garnsamlinga mi. Det var på tide! Det var ei nervøs kvinne som skred til verket og la utover innhaldet i to svulmande korger og eit utal plastikposar med diverse garnnøster, garnrestar og ikkje minst ufoar. Slik såg det ut når eg byrja å nerme meg ferdig tømt

Det såg litt skummelt ut! Men mykje av plassen på bordet vert tatt opp av ufoar på diverse stadium. Og ikkje minst fekk eg mange gode idèar når eg såg garnnøster eg hadde gløymt! Og så fekk eg endeleg oversikt over ufoane mine. Tre ufoar var nesten heilt ferdige og manglar berre knappar og eller heklekantar. Og noko krev symaskinmontering og ein vart eg ferdig med i går allereie. Etter å ha rekka opp to ufoar eg berre veit aldri kjem til å bli noko av satt eg igjen med og altså når eg la meg berre seks. Det kan eg leve med!


Og no er garnbehaldninga frisk i minnet, slik at eg kunne sitte og drøyme om ting eg vil lage når eg satt oppe med Tuss i natt som ikkje fekk sove. Eg rydda også i det fine skrinet mitt eg har kjøpt på Panduro som rommar alle nåler, sytrådar og heklenåler samt stoffsaksa mi. Er det noko eg gledar meg til etter denne oppryddinga, så er det å få eit hus med eit rom som kan være systove og romme fine kassar med nydeleg garn og stoff som ventar på ledige stunder og kreativitet! *drømmedrømme*



I posten i dag fekk eg også dette heftet. Eg kjem nok ikkje
til å ta heilt av med julepyntlaginga i år, men når det blir hus
på oss med tid og stunder kjem det nok til å ta av ja! Men eg
berre måtte ta med dette heftet når eg kjøpte Arne og Carlos-boka,
for eg syns det er så flott med slike kuler med hekla "trekk"! Det
var også mykje anna fint eg kan tenke meg å lage med tid og stunder.



I dag har eg også fått prøvd ut nokre fine nye crackle-neglelakkar. Fann ein som matcha den nye jobbintervjugenseren min eg fekk bruk for i dag, og er veldig fornøyd med det! Eg trur det vil bli mange, sære fargekombinasjonar å sjå på Strikketussa sine negler framover! Dette er grå neglelakk med både kvit og blå crakletop frå Isodora. Moro!


mandag 25. oktober 2010

Giveaway hos Smarie og klar for julekuler :)

Fin giveaway hos Smarie for å feire ett år som blogger :)

Nydelige fargar, spesielt klør det litt i mine fingrar då eg har strikka blått og brunt og grønt til min eigen. Er godt det finst tanteborn å strikke til også! ;)





Ellers har eg vore hos "langaren" igjen i dag. Som A-I så fint kallar garnbutikkar ;)
Der forberedte dei seg til Arne og Carlos-invasjon og skal bestille kilovis med ullfloss og P2garn. Så eg må straks tilbake for å kjøpe floss. Eg har starta med to nøster kvitt og eit raudt.

I kveld skal eg gå gjennom garnlageret mitt, og grave fram alle ufoar og alle prosjektlause garnmasker og få litt orden. Det kan jo bli spanande!

lørdag 23. oktober 2010

Lørdagslykke

Ahhhhhhh!
Herr Tuss er sendt ut på bursdagsfeiring, Tusseluso sover søtt i senga si og mor har satt seg godt til rette i sofaen med spøtet og nyinnkjøpt strikkebok som kom i posten i dag! Hurra!

Dagen starta like fint med ein gut som fant noko spanande å leka med aleine medan ho mor fekk nyte ein vakker kopp kaffe saman med erme-strikking. Ein flott laurdag med andre ord! :D

Boka som kom i posten var denne som eg sporenstreks måtte kjøpe etter å ha snubla over denne tråden hos Strikk og tøys.
Gjett om eg er klar for å starte juleproduksjonen! Desse kulene var kjempetøffe, og eg håper eg får dei fine nok til å gi bort til jul. Det kjekke er jo at ein kan strikke seg nokon kvar førjulstid og boka kan hentas fram år etter år! Eg pønskelerar også fælt på om ikkje eg kanskje skal bruke mønstra til å strikke andre ting. Kva med å strikke ei bord i glattstrikk i tynt garn til å sy saman med td eskimostrikk og lage juleputer? Eller kva med å lage julevottar til søte små med desse mønstra?
Er det fleire som har planar med denne boka?
Og er det fleire som berre klør i fingrane etter å få tak i mønsteret til space invaders-borda på genseren på framsida? Hadde vore PERFEKT som bord på ei hue til herr Tuss :D

fredag 22. oktober 2010

På pinnane

Det er berre å inrømma det med ein gong. Eg er elendig til å strikke prøvelappar. Og eg strikkar fast. 

Etter eit nyleg uhell med ein genser som vart tre gongar for stor til Tussaluso, så brukte eg ikkje eit hakk større pinnar denne gongen, slik eg bør på glattstrikk. Så dette er altså den nydelege Haustvesten til pickles.no som skal få kvite daysiar. Og den skal då passe til søte tantebarnet på ett år, men eg trur nok den kjem til å havne hos nabokona som ventar ei lita jente i januar ja!

Det blir spanande å sjå når den er ferdig. Ein gløymer jo også så fort kor lite str 80-86 er også då.. Fargen Gress på Pickles sitt Abuelita baby merino er så nydeleg irl, men grønt er ikkje enkelt å feste til kamera.

Ny sjel i blogglandia!

Då var tia komen der eg ikkje lenger ville nøye meg med å berre lese alle dåke andre sine fantastiske bloggar men også hadde lyst å invitere dåke inn i mitt kreative hjørne! 

Meir om meir glad i å drøyme om nye håndarbeidsprosjekt, nydelige garnnøster som berre ventar på at eg skal putte dei i handlekorga mi, og trylle dei om til lekre eller søte små plagg. Det første eg må gjere er å innrømme at eg har dei fleste strikkebloggerlastene.. eg har uante mengder ufoar, masse nydeleg garn utan konkrete planar til og ein hang til å alltid tenkje på neste prosjekt når eg såvidt har kome hakket lengre enn å legge opp. 


Eg håpar du finn noko spanande i min blogg etterkvart! Og entusiasmen skal det ikkje stå på heller for å oppdatere bloggen, for eg er midt i ei mastergradsavhandling, så lysta til å gjere andre ting er stor ;)

Håpar alle får ei flott helg med mykje godtid med "spøtet" i sofakroken