Etiketter

søndag 26. desember 2010

Vertinnegåve

I dag skal eg på julebesøk til ei av mine kjære søstre. Ho har kjøpt seg nytt hus og har laga til jul for første gong! I dag skal eg i veg med mann og born og ete hjortesteik med mamma og pappa og ei søster til med hennar familie. Eg gledar meg! 

Eg tek med meg ein vertinnegåve som eg berre måtte prøve meg på etter å ha lest om den i bloggen til Snuppesnella. Utruleg søte tøfler som sit kjempefint på foten! Og dei er kjappe å lage også. Passar veldig godt til dei tv-programma ein faktisk må følgje litt med på også ;) 


Her er nokre bileter eg knipsa av dei på min egen fot. 









Der er veldig vanskeleg å sjå er tøfler sånn med første augnekast. Så eg kjem vel ikkje til å sei kva det er med det første tenkjer eg. Dei er strikka i garnet STERK frå Du Store Alpakka.


lørdag 25. desember 2010

Romjulskos!

Romjulskosen er i gong folkens! Hurra! No er det strikkeprosjekt til meg sjølv foran peisen som brenn lystig døgnet rundt. Og jaggu meg sneik det seg inn ei stripe sol til meg i dag også, mens poden (og mannen) sov så eg hadde både tida, lyset OG strikkeprosjekt klare ved mi side til å bli fotografert! Blir det betre?

Jaggu vart det ikkje mykje tid til blogging i juleinnspurten. Den vart vel hektisk i år av ymse grunnar. Og når ein så tek ein innspurt med noro-virus i kroppen så er ein sjeleglad det har blitt første juledag, alle gåvene er fordelte og ein kan starte på noko nytt til seg sjølve. På pinnane no er difor den femte vaffellua, og denne skal bli mi :) Denne gongen strikkar eg i originalgarnet, abuelita tjukk merino. Dette er første prosjekt med dette garnet, men det blir ikkje det siste  nei! Makan til nydeleg, deilig luksus skal ein leite lenge etter. Og det er nok av fargar å glede seg til. Denne hua skal bli råsa! Eg har også med ein liten tråd Pickles silk mohair.




Det var plutselig så fryktelig fint fotolys, det er det lenge si sist eg har vore i nærleiken av eit kamera midt på dagen utan å fyke rundt som ei travel lita bie. 




Det ser ikkje mykje ut som om det skal bli ei hue i starten av arbeidet dette her! I dag kom eg på at eg kan jo spørre dåke framifrå håndarbeidsbloggarane om noko eg alltid har fundert på. Har de nokre tips og triks å kome med når det gjeld å legge opp til eit strikkeprosjekt og å ha lang nok tråd til å få lagt opp alle maskene ein skal, men ikkje så lang at ein sit igjen med ein halvmeter når ein er ferdig?

Må også ta med eit bilete av julemanikyren, bling bling på neglene til sølvjulekjolen i år! 




Då vil eg ønskje alle samen ei fortsatt koseleg jul!

lørdag 4. desember 2010

Eg har fått award!

Den nye bloggen min som det har vore så kjekt å starta opp har fått award! 
Eg er litt overraska sidan eg har hatt mykje dårleg samvit overfor bloggen, for eg rekk aldri å få tatt skikkelege bilete sidan eg har byrja i full jobb samtidig som eg skriv ferdig masteren min og har ein toåring. Kremt. 

Men denne awarden frå kreative og flinke Komadyret gjer meg superklar for å lage mykje fint, ta mange fine bilete og kose meg med bloggen og håndarbeidet i 2011. Tusen takk for det gode skussmålet i oppstarten! :)







Med awarden kjem ei utfordring. Først å fortelje om tre ting eg likar å gjere. Det er lett, eg kunne lagd ei laaaang liste på det!

1) Den første er veldig enkel. Det beste eg veit er når ein av oss vaksne har sove lenge i helga og det er på tide å stå opp. Då kjem vesle guten på to og mamma og pappa alle samen opp i senga og kosar og tøyser og syng littegrann. Eg trur ikkje livet kan bli betre

2) Håndarbeid!! Det må jo med på ei liste på bloggen min ;)  Eller, faktisk. Det aller beste med håndarbeid som hobby er å sitje og leite gjennom nydelege oppskrifter og garnbutikkar og drøyme om neste prosjekt! DET er stas det.

3) Og det siste eg vil nevne er ein annan hobby eg har erverva meg siste året. Neglelakk. Åh, så mykje glede ein kan få av å ha ti små fargeklattar på hendene! No ventar eg i spenning på ein pakke i posten som i tillegg til litt julegåver inneheld ein knall gul og ein knall grøn neglelakk til meg!



Neste utfordring er å syne fram mitt favorittbilete. Der har eg mange mange! Eg har tross alt fått meg ein liten gut som eg berre elskar å ta bilete av. Det eg vil trekkje fram i dag er eit favorittbilete frå i sommar, som jo då også er profilbiletet mitt. Den flotte, flotte mei taien vår er det mammaen min som har sydd til oss. 





Og den siste utfordringa var å gje awarden vidare til tre andre flotte bloggar! Det er jammen vanskeleg å berre velje seg tre, og er er ikkje på langt nær komen meg gjennom alle håndarbeidsbloggane som er der ute heller. Men her kjem lista mi med bloggar som eg syns er verdt ein kikk, av tre forskjellege grunnar.

Denne har eg valgt ut fordi ho lagar mykje fint, og fordi ho har så herleg, tørr humor :) 

Denne var ein av dei første bloggane eg fallt skikkeleg for, og den er vel verdt eit besøk. Om ikkje anna så berre på grunn av den nydelege layouten! 

Silje vanilje får ein blogg av meg avdi ho er så flink å lage flotte ting til seg sjølv og ikkje berre lagar gåver. Masse fint her! 


Håper de tek utfordringa jenter :) 

No skal eg pjona vidare på eit par vottar. Eg har vottehelg!


torsdag 2. desember 2010

Reprise



Eg strikkar sjølv om eg bloggar litt lite for tia. Desember har vorte innspurtmånad for meg, og då blir me selvfølgeleg sjuke både store og små. Er det ikkje typisk? 
Då var det greit å strikke ein reprise til kategorien julegåve, ein kvit versjon av vaffelhua. Bildekvaliteten blir nå so som so no når ein er på arbeid medan det er lyst.  Hua er strikka i Incawool som passa veldig godt til dette mønsteret. Mjukt og godt! Eg nytta nesten eit heilt nøste. Hua er veldig fint gåvemateriale då den er relativt kjapp å lage men ser imponerande ut, særleg for dei som ikkje strikkar sjølv! ;) Når julegåveperioden er over skal eg strikke denne hua til meg sjølv også. Men den er ikkje brukandes nett no her eg bur, det må bli ti grader varmare først trur eg!