Etiketter

søndag 30. januar 2011

Mine første sofaputer!

Då eg gifta meg i 2009 skal eg ikkje skryte på meg at ME ønska oss symaskin, men eg ønska meg det hos mine søstre, og me fekk no det ;)


Eg har lenge hatt som lokkemiddel i bakhovudet at når eg var ferdig med masteroppgåva mi skulle eg sy meg nye sofaputer! Og dei skulle væra gule! Men når eg var på stoffhandel vart det IKEA og ikkje Stoff og Stil sidan det jaggu var eit par tre andre ting som også måtte gjerast når oppgåveinnspurten var ferdig. Rart det der. Og på IKEA hadde dei ikkje noko gult stoff som eg likte. Og det som var gult var ikkje fullt så gult som eg ville ha det. Men eg falt heilt pladask for eit nydeleg oransje stoff med fine fuglar på. Og heldigvis har eg ein mann som elskar oransje!

Så i kveld har eg kosa meg med den flotte symaskina mi og no sit eg i ein oransje putehaug og kosar meg med ein bloggrunde. Fine søndagen!







mandag 24. januar 2011

Snart action igjen frå Strikketusso!

Snart action igjen frå meg, har vore meget stille i januar men det har sine gode grunnar. Her om dagen vart endeleg masteravhandlinga mi levert i trykken! DET har gjort underverker for kreativiteten og ikkje minst tida til rådighet. Dette vart feira på den mest fornuftige måten eg klarte komme på ;)



No ligg det diverse koselege garnnøster og flotte knappar og glidelåsar og oppskriftsbøker og inspirasjonsbøker og ikkje minst mykje meir tid til å strikke og sy og kreere! Hurra! 






Dette er wollmeisse-garn, slike forundringsposar. Dei måtte eg berre nøste opp midt i korrekturlesinga for å få kose litt med dei ;) I morgon kjem det bilder av nye vesten min som eg strikka ferdig i går, den er grøn og varm og nydeleg!

fredag 7. januar 2011

Januarstemning

Januarstemning er så herleg!

Åh, det er ny start og ny giv og alle julegåvene overstått og ein kan tenkje framover og leggje nye planar og ikkje minst drøyme seg vekk i alle dei flotte inspirasjonsbøkene eg har fått til jul frå familie, vener og meg sjølve, kremt kremt. Kan det bli betre?

Det tre bøkene eg sit og blar i og drøymer med no er Strikk til Nøstebarn av Kathrine Gregersen, Norske vottar og vantar av Annemor Sundbø og Strikk, komponer dine egne plagg trinn for trinn av Kari Hestnes. 





I dag har eg fått fatt i nokre hesper med Wollmeisse til og med, og eg har kome godt i gong med mitt siste prosjekt som er eit Trilliansjal.


 Det var ein liten ein som lurte fælt på kvifor mamma skulle ta bilde av strikketøyet sitt og ikkje av han ;) Han har også ei herleg januarstemning med stor iver over barnehage igjen etter ei lang, roleg jul med berre voksne. Barnehagen, jippi!!!!!! Ropa han då me kom ut av bilen i dag morges ;)




Eg storkosar meg også med å kikke rundt i alle dei flotte bloggane og finn mykje inspirasjon der også. 2011 må jo berre bli bra, er de ikkje einige!?  

lørdag 1. januar 2011

Godt nytt bloggår!

Godt nytt bloggår alle saman! No gledar eg meg til å ta fatt på eit nytt år med strikking, hekling, sying og ikkje minst blogging!  Hurra! Og sidan ein stor del av blogginga består i foto, så har eg ønska meg fotokurs hjå flinke mannen min som er god på slikt. Første leksjon tok me i dag på spasertur i Larvik som låg bada i nydeleg solskinn. Ny lue og nye vottar strikka i romjula var med på turen og vart foreviga. Måtte også ta eit bilete av kule, nye hua til Tussemannen som eg kviskra eit par ord om i øyret til søstera før jul. 

Eg gledar meg til å følgje alle dei flotte håndarbeidsbloggane dykkar i 2011!


Jakten på det perfekte fotomotivet

Roald Amundsen og Danmark neste

Larvik med nytt fancy spahotell og nytt flott kulturhus
Sjølv ikkje eg vart frista av badevatnet i dag


Nok ei vaffellue, denne gangen til meg!

Etter julegåvekjøret må ein strikke litt til seg sjølv. Frøkenvottar frå Pickles


Space invaders meats Marius. Vakkert!



Dei siste julegåvene

Her er nokre bileter av dei siste julegåvene som ikkje vart vist fram før jul. Alle heimalaga gåver falt i smak hos mottakarane i år så vidt eg kan vurdere, og eg har allereie byrja planlegginga av neste års julegåver. Det vert nok endra til den tid, men eg er ein uhelbredelig planleggar og draumar, så eg kosar meg stort med å tenkje på slikt i romjula. Ellers er eg nokså frisk ;)


Her er vesten mamma fekk. Det er Ville Vesten frå min store favoritt Pickles.no.
Mørkegrønt garn er på veg i posten i desse dagar for å bli til ein slik til meg! Denne var kjempeflott på. Veldig fornøyd med valget av gave.

Dette er ei søster sin gåve. Den som eg eigentleg planla å sy fjuskepels i. Men ein runde virus på heile familien etterfulgt av spysjuka på heile familien medførte at ting ikkje gjekk som planlagt i juleinnspurten i år. Ein er ikkje akkurat herre over eigen tid lenger når ein får familie gitt! Denne falt også i smak, og eg syns den passa godt til ho som fekk den. Den er frå Garnstudio.

 Til sist vottane til pappa som er frå Garnstudio. Strikka  i Drops Alpacca i romjula av same grunn som manglande fjuskepels. Vottane skal tovast og halde pappa sine hender varme på skiturar, men dei skal han få tove sjølv slik at han kan ta dei på når dei er våte og forme dei til si hand.


No sit eg og strikkar lommetøfler av restane av garnet til den ville vesten. Det er det perfekt til. Eg har virkeleg falt for det garnet som er Pickles Extra Fine Merino.
Min vest skal få denne fargen her