Godt nytt bloggår alle saman! No gledar eg meg til å ta fatt på eit nytt år med strikking, hekling, sying og ikkje minst blogging! Hurra! Og sidan ein stor del av blogginga består i foto, så har eg ønska meg fotokurs hjå flinke mannen min som er god på slikt. Første leksjon tok me i dag på spasertur i Larvik som låg bada i nydeleg solskinn. Ny lue og nye vottar strikka i romjula var med på turen og vart foreviga. Måtte også ta eit bilete av kule, nye hua til Tussemannen som eg kviskra eit par ord om i øyret til søstera før jul.
Eg gledar meg til å følgje alle dei flotte håndarbeidsbloggane dykkar i 2011!
 |
Jakten på det perfekte fotomotivet |
 |
Roald Amundsen og Danmark neste |
 |
Larvik med nytt fancy spahotell og nytt flott kulturhus |
 |
Sjølv ikkje eg vart frista av badevatnet i dag |
 |
Nok ei vaffellue, denne gangen til meg! |
 |
Etter julegåvekjøret må ein strikke litt til seg sjølv. Frøkenvottar frå Pickles |
 |
Space invaders meats Marius. Vakkert! |
Godt nytt bloggår!!
SvarSlettGleder meg til å følge med på hekle- og strikkeprosjekter hos deg i 2011 :-))
Nyttårshilsen fra Høstmamma
Åååå, så skjønn vaffellue!
SvarSletttakk høstmamma, håpar på å få gjennomført mange kjekke prosjekt!
SvarSlettvaffellua kjem til å bli mykje brukt trur eg ja, det vart først nr fire i rekka som vart til meg ;)
Godt nyttår! Ser ut som en god start på det nye året, fotosafari er moro!
SvarSlett