Etiketter

onsdag 9. februar 2011

Kjøleskapsmagnetar

I dag kom kjøleskapsmagnetane eg hadde kjøpt på Etsy.com når eg var lei av stygge kjøleskapsmagnetar og datamaskina var nærmare enn neste bytur. Fine?







Medan eg åt middag i dag satt eg og såg på dei øydelagte kjøleskapsmagnetane eg hadde plukka ned frå kjøleskapet for å rydde plass til dei nye, og så kom eg på ein idè... og før eg måtte springe for å nå trening hadde eg laga ein prototype på heimesnekra kjøleskapsmagnetar. Litt røffe og sjarmerande synes eg! (Det same kan vel seiast om fotograferinga i det her tilfellet, kremt)







Til slutt må eg berre ta med den nydelege vårfargen eg har kosa meg med på negla dei siste dagane. Når det bikkar over i februar er eg ikkje så glad i hverken stearinlys eller mørke dramatiske fargar lengre, då er det knæsje fargar og lys som er målet! 



fredag 4. februar 2011

Vott! Jippi!

Eg har ein liten gut som syns det er fryktelig stas å gå i barnehagen. Barnehagen, jippi! ropar han når me kjem ut av bilen og han ser porten. Men han syns (heldigvis) det er like stor stas å bli henta igjen.
Og eg ser jo at dei fleste som blir henta i barnehagen er ganske slitne og kanskje litt lite samarbeisvillege når ein skal kle på. Men ikkje på mitt fang. VOTT! JIPPI! ropar han og slenger på ein tjohooo! etterpå før han held fram hånda. Sånne gutar er det kjekt å strikke vottar til!

Her er siste modell i litt sprelske fargar no når me drøymer om vår. Desse er store nok til å vare neste sesong også, det er kjekt :)




Dei er strikka i Malabrigo farge Lettuce og Wollmeisse We are different Gonzales.

tirsdag 1. februar 2011

Plutselegvottar og strikkealong

Eg har tenkt å prøve mykje nytt i 2011 på hobbyfronten. Denne bloggen er ein av tinga, syprosjekt på fine symaskina mi er ein og det starta jo bra med dei fine fargeklattane eg produserte på søndag og som har pynta opp i sofaen i vintermørket.






Eg har også tenkt å bli flinkare til å tørre å prøve meg på nye  håndarbeidsteknikkar ,og på å lage mønster sjølv. Dei tinga har eg gjort i dag, begge to. Eg klarte å kaste bort ein av to heimestrikka gode ullvottar til mi litle solstråle i helga. Og ullvottar må ein ha no i januar. Så då var det berre å finne fram strikkepinnar og lyseblått Abuelita tjukk merino frå Pickles.no og lage nye. Då strikka eg heilt utan oppskrift og resultatet blei veldig bra trur eg :) Eg valte å prøve meg å maskesting for å få saumlaus felling. Eg fann ei lenke til ein super how to-film hjå Pickles.no, den er super å lære det med. Berre husk å stramme godt! Og resultatet med maskesting på desse vottane blei kjempebra om eg i all beskjedenhet må få sei det sjølv ;)

 






Me får håpe solstråla likar dei i morgon :)


Den siste nye tingen eg skal skrive om i dag er at eg er med på ein strikkealong for første gang! Det er på hobbyboden. Den heiter kinderalongen.  Den har et tema for måneden, pluss strikke noe til seg sjølv, også kalla egostrikking. Målet er at ein skal minske litt på garnlageret, og har man en ufo man kan bli kvitt er det toppers. Temaet for januar var Huttetu så kaldt det er, eg frys på mine tær. 



 

Dei er strikka frå garnlageret mitt, av restegarn etter den Ville vesten i Pickles extra fine merino


Og ufoen?




Masteroppgåva mi, hurra!!!