Etiketter

tirsdag 23. november 2010

Hodeplagg

Det har vore stille frå denne kanten ei stund no. Men det er ikkje avdi eg ikkje har strikka. Det er avdi at eg har drive med sjonglering av litt for mange prosjekt på ein gong. Det er har gjort på strikkefronten er å lage ei lue og eit pannebånd. Lua er allereie avlevert som bursdagspresang og den fallt i smak! Det er Pickles si vaffellue, kjempekjekk og rask å strikke. Eg klarte ikkje la være etter å ha lest Strikk og Tøys sin erfaring med oppskrifta. Garnet ho brukte har eg sikla på lenge hos garnlangaren min, og denne fargen her var berre heilt utruleg nydeleg! Dette er Tinde frå Gjesdal, farge nr 812.














Pannebåndet er frå Garnstudio og oppskrifta finn du her. Eg har strikka det i Pickles sitt organisk Alpakka. Det går i julegåvehaugen. Eg har gjort ei endring på oppskrifta, og det er at eg har strikka det med ei mindre auke slik at det ikkje vert fullt så breitt.

Neste prosjekt som er på pinnane er ein vill vest frå Pickles.no. Det er også eit julegåveprosjekt.





søndag 14. november 2010

Eskimohelg!

Etter mykje tynt garn og mange strikkeprosjekt som krever tålmodighet var det på tide med ei helg der eg fekk produsert litt! På fredag handla eg difor inn Eskimo frå Garnstudio i nydelege lillafargar for å lage litt julegåver. Eg er utruleg glad i Eskimo, det er så varmt og gir så mjuke og ikkje minst varme plagg til Trøndervinteren! Og så er eg veldig glad i fargekartet også. Helga endte opp med ei julegåve som er 80% ferdig og avventar garninnkjøp i morgon, og to ting til meg. Kremt. Dei vart berre så fine! Og kvelden er enda ung.


Denne her for eksempel? Denne skulle bli julegåve til svigerinna mi. Men eg må kjøpe nytt garn og lage ei til henne seinare, for denne har eg berre i kjedelige muldvarp sjølv, så denne måtte bli mi. Godt det er snø og meldt kaldare dei nermaste dagane så eg får brukt den! Dobbel Eskimo er nemleg noko som berre passar når det er blå grader.


Blits gjorde fargen litt meir rosa enn den egentleg er



Det er denne fargen som er mest naturtro

Julegåva som eg egentleg skulle få unna denne helga hadde eg ikkje nok tråd til då eg ville lage det ekstra luftig og kjørte på med pinne nummer 15. Det skal bli eit sjal som er varmt nok til å holde kulda unna når ein er ute i snøen med ei ivrig lita ei på 1,5 år! Då må det være eskimo. Så då må eg tilbake og kjøpe meir garn i morgon. Triste greier! Kremt. Då tippar eg det havnar tråd i posen min til denne hua som Strikk og tøys frista meg med! 


Julegåva ligg fint og ventar på toppen av to av mine garnkassar. Er ikkje fargen flott? Eg trur det blir stort nok, gitt! Oppå ligg eit av mine fire nøster delight som eg ikkje klarar å finne ut kva eg skal bruke til. Hmm..





No sit eg med siste omgongane av eit pannebond. Eg har jo langt hår og har ikkje noko varmt pannebånd til dagar med hestehale, så då brukar eg opp resten av garnet frå lua med ein gong like så greit. Breitt og varmt og lilla! 




Så gjeld det berre å finne eit nytt prosjekt å starte på, for det må være noko raskt sidan dette gule nydelege Picklesgarnet litt og ventar på meg på posten! I morgon kveld er det klart for Bestemorkorghekling! Hurra! Er det nokon andre som har prøvd seg på ei slik korg? Eg gledar meg til å kjenne på garnet. Eg driv og drøymer om ting det kan brukast til... og så fine fine fargane!




tirsdag 9. november 2010

Heimekontor


Det som er koseleg med siste hausten som student er at eg framleis kan ha heimekontor når mini skapar lurveleven halve natta og ein ikkje har mykje anna valg enn å sove litt frampå for å hente seg inn at. I dag var natta slutt 03.40 syntes Tussaluso mi. Mamma er ikkje heilt enig, men han har slike periodar innimellom og det er berre å prisa seg lukkeleg at ein er to til å dele nattevåken.

Min start på dagen i dag var slik

Snø og mandarin høyrer saman i mi bok!


Koppen er frå Rice, dei er mine nye favorittkoppar! På pinnane nett no er ei bursdagsgåve til ho mor. Ein julehandduk til det nye kjøkenet som dei held på å bygge no i desse dagar! Eg tenker og å lage ein adventsklut og kanskje ein slik raud klut også. Oppskrifta fann eg i ABC for strikkeentusiastar av Maria Parry-Jones. Herr Tuss syntes kanskje eg overdreiv litt når eg leste i den medan eg pussa tenna her om dagen, men me veit jo alle betre. Døgnet har rett og slett ikkje nok timar med plass til håndarbeid, og i alle fall ikkje før jul!



Så var det tid for oppgåveskriving. Men først: når ein ligg våken halve nettene så tenker ein mange glupe tankar. I natt var det særskildt ein tanke som saug seg fast og ikkje ville sleppe taket. Og det var dette garnet og denne korga frå nyhetsbrevet til Pickles.no. Så det var ingen veg utanom å starte dagen med å sende inn ein bestilling i nettbutikken Det var ikkje det! 


Den gule er handla inn, den turkise står høgt på ønskelista!



Og sidan ein hadde heimekontor kunne ein multitaske litt sidan pc-arbeid er perfekt å kombinere med ein manikyr og ein stor kopp te. Indiska har litt for mange nydelege koppar, men te smakar jo mykje betre i ein enorm rosa kopp med gullkant, ikkje sant? 







Juleproduksjonen går på fram

Her er den første julegåva i år som er heilt ferdig. Eg byrjar alltid så seint! Og i år har eg klart å rote meg til å orde det slik at eg skal begynne i min første jobb ein månad før fristen for mastergradsoppgåva mi kjem. Med andre ord så blir det ikkje ei roleg førjulstid der ein kan snike seg til ein strikkedag med tekoppen i ny og nè!  Her er den gåva. Det er nok ein Høstvest frå Pickles.no, denne gongen i 70-tallsfargar og i riktig størrelse til gode tantejenta mi.







Eg er kjempefornøyd med fargevalget! Denne er strikka med Abuelita baby merino og daisyane er restegarn Alpakka frå Garnstudio. Eg har brukt pinne nr 4 og det har gått med 46 gram. Det er eit kjempepraktisk plagg synst eg!  



Fine daisyane! Eg har fallt for dette mønsteret, der er ikkje til å legge skjul på!




I dag måtte eg snope litt adventslys og adventspynt. Det var rett og slett ingen veg utenom :D Så då vart det ein duk og ein lysestake. Lilla er ein flott farge!

No gjeld det berre å gløyme dei flotte tala til å lage adventsstake av  kubbelys som såg der eg kjøpte desse ...hmm..

mandag 8. november 2010

Vinterfavorittar

Når det blir kald vinter er det berre å finne fram både nye og gamle favorittar til å holde seg varm. 


Dette sjalet frå årets dropskolleksjon er årets nye favoritt. Fargane er heilt utruleg flotte, ikkje minst når det er snø og klart, kvitt lys som no!


Ein gammal favoritt er dette grøne- og gulspraglete sjalet strikka av eit garn eg fann på ein garnbutikk i Praha! Me måtte leite litt for å finne det, ikkje noko ein fann i dei vanlige turistgatene nei. Men Fru Tuss var gått tom for garn og kunne ikkje fly heim utan noko å strikke på, kunne ho vel? 




Det er i ull og strikka på pinne nr ti, så det er utruleg luftig og deillig å ha på seg. Det varmar godt! Og eg finn det fram år etter år.


I fjor var eg glad eg kunne lage meg noko til å stenge ute kulda sjøl, då det var 22 minusgrader i tre veker i strekk. (Brrr, det er ikkje noko for ein landflyktig vestlenning som meg. Eg er vant til kanskje nokre småperiodar med minus 3 eg..) Då var det berre ein ting å gjere, og det var å lage seg ei hue i Polaris



Eg har ikkje heilt hatt tia til å lage meg noko meir til meg sjølve i år enn dette sjalet. Og no spørst det om eg kan ta meg tia før etter jul? Kanskje eit par pulsvantar med fjuskepelskant? Eg trur nemleg eg skal prøve meg på å lage noko slikt til julegåve med resten av fjuskepelsen etter prosjektet eg skreiv om i går . Juleproduksjonen må gå for fullt no framover. Eg må berre innom garnlangaren og få tak i rundpinne nr 9, så blir det vest av dette nydelege garnet. Gledar meg! 










søndag 7. november 2010

Tiddelibom!

 I dag fekk eg sove skikkeleg lenge til ein forandring. Det var godt for ein skrott som har vore alt for sjuk til både håndarbeid og blogging. Men i dag var me friske og raske alle tre tussane, og me våkna til Vinter med stor V. Og i løpet av dagen berre lava snøen ned.



Utsikta frå stoveglaset

 

Då syns eg at det berre var ein ting å gjere, og det var å sette ein gjærdeig! Og det vart til ein klyppekrans. Halvparten med rosin til herr Tuss som driv med slike merkelige ting. Nam! Med lys i alle stakar og gode veners lag så vart det ein koseleg søndagsettermiddag! Lukta av tente lys, gjærbakst og kaffe gjer det lettare å akseptere at det vert mørkt klokka fire..

 På pinnane mine er det no ei julegåve som eg kan vise fram sidan eg utspekulert nok ikkje kjem til å spre ryktet om min nye blogg til aktuelle julegåvekanditatar før etter jul *mohahaha*. Denne vesten har eg tenkt å pynte med fjuskepels kjøpt hjå stoff og stil. Vesten har eg funne hos Garnstudio, utan pels. Eg er straks klar til å eksperimentere litt. Det vert spennande! No skal eg fortsetje "vinteroppstarten" med å skrelle meg ei klementin og koke meg ein kopp te. Fortsatt fin søndag alle!


Fuskepels må det være









mandag 1. november 2010

Grønn glede!

Utruleg liten og søt for ei som ikkje har hatt baby på ein stund!
Som eg mistenkte så vart den grøne vesten ikkje akkurat str 80-86 når eg strikka med tynn tråd og ikkje brukte større pinner og ikkje laga prøvelapp. Men men, den vart nydelig fin då syns jeg! Og søt i størrelse 68-74. Med daisyer og det hele :D Oppskrifta er Høstvesten til Pickles.no

Eg brukte under halvparten av garnet eg hadde kjøpt til vesten, Abuelita baby merino, også det frå Pickles.no. Det garnet har virkelig vorte ein favoritt, og eg byrja rett på eit nytt prosjekt for å bruke opp resten av det. Den er straks klar og er mitt første strikkeprosjekt utan oppskrift! Kjenner meg litt vill og gal som har valgt meg genser til det prosjektet, men eg berre måtte ha ein genser til mini i denne fargen og dette garnet! Eg har allereie rekka opp att nokre cm. Mitt forsøk på fine striper i 70-tallsfarga restegarn var ikkje akkurat fint. Men det er moro å begynne å føle seg så trygg "bak pinnane" at ein tør eksperimentere litt! Eg kjøpte eit ekstra nøste medan eg satte i gong med genseren men det ser jammen ut til at eg klarar å strikke ein tjukk babyvest og ein tynn genser str 2 år med 100 gram! Det må ein kalle valuta for pengane ja!
Olivengrønt, mjukt og veldig drygt.

Det ligg også eit nøste borte i korga i denne nydelige fargen og ropar på meg. Tantejenta på 1 år har fortsatt ikkje fått noko vest. Men veit ikkje om eg vil lage den knallgrønn eller olivengrønn! Tøffe valg her i livet ;)