Etiketter

søndag 18. september 2011

Dokkekjole

Vesle tantejenta mi i Oslo som fekk genser fekk òg ein dokkekjole med i pakken sin. Den er nokså luksuriøs, avdi den er strikka av Pickles sitt ekstra fine merino. Det kom nokre nøster som rett og slett hadde litt for spesiell farge til å kunne bli et stort plagg. Garnet er utruleg kjekt å strikke med, så det vil bli fleire plagg av dette garnet vil eg tru.




Men til ein liten dokkekjole passa den fint. Kjolen fekk stort skjørt, eit stort fint volangskjørt og grå pyntekant. 








Knappane kom frå den store krukka med knappar frå Etsy og Wickedwoolgathering sin butikk




No er det berre å strikka vidare på dressen til godguten.
God søndag! 

lørdag 17. september 2011

Morgentur

På laurdagane er det eg som står opp med treåringen vår. Det blir gjerne litt kjedeleg å være inne etter ei stund, og då er det på tide å pakke inn mini i fleecepleddet i vogna og få seg litt morgentrim.







I dag var det eit heilt utruleg nydeleg vær, kaldt, men sol frå heilt blå himmel. Me fann mykje rart å sjå på, og både haustteikn og restar av sommaren som var.














Og i vogna tralla treåringen fornøyd:

Sol ute
sol inne
sol i hjertet
sol i sinnet
sol, bare sol


God laurdag!!


torsdag 15. september 2011

Haustvest med lange ermer



Eg har strikka fleire haustvestar frå Pickles,  og er veldig glad i daisymønsteret og ikkje minst Abuelitagarnet. Så når eg ville strikke ein hausgenser til lille tantebarnet på to år, fall eg for ideen til A-Is verden. Ho hadde strikka ein nydeleg rosa versjon av haustvesten med lange ermer til si dotter.





Lyset på biletet vart frykteleg dårleg, men eg hadde ein noko utålmodig Tussalus i beina som heller ville ta bilder av seg sjølv og tigeren sin. 

Genseren er strikka i størrelse tre år, og då såg den nokså passe ut for denne vinteren for ei som vart to i sommar. Eg nytta ermestørrelsen som var oppgitt på dei små ermene til vesten, men starta med 12 færre som eg jamt auka oppover. Eg hadde ei mindre rad med daisyer enn oppskrifta til vesten og lagde heller ein litt større kant øvst med kvit glattstrikk. Saman med den multifarga garnet som heiter hvitt&orange&brun, synes eg det gav eit 
70tallspreg som eg vart skikkeleg nøgd med.







Eg strikka også ei hue til genseren av det samme garnet, det er frå Melkers barnehagesett, òg frå Pickles. Genseren vart pakka ned og sendt til mottakaren i løpet av mi strikkefrie helg, før eg rakk å tenke på å vege den for å sjekke garnforbruket. Hua er i størrelse to år og til den nytta eg 24 gram garn.







 På pinnane no er ein barnehagedress til Tussalusa mi til vinteren. Den er frå Nøstebarnboka og skal få glidelås etter ønske frå herr Tuss.




lørdag 10. september 2011

UFO-helg




Denne helga har eg sjølvpålagt strikkepause for slitne skuldre og nakke. 

Eg klarte å nytte første stunda eg vanlegvis ville satt meg med strikketøyet på ein laurdag formiddag til å gjennomført sårt tiltrengt rydding i strikkekorgene. Det viktigaste var skilje frå kvarandre og flytte endelause smårestenøster over frå strikkekorga under sofabordet til den dedikerte restegarnskorga i skjenken, og flytte alle strikkepinnane over i strikkepinneveska. Så var det tid for ufoane. Ein vart rekt opp, og andre fekk knappar dei mangla eller festa trådane sine. 

Ein av ufoane var eit grønt sjal strikka av ein Grashopfer-meis og som var strikka utan mønster og som var blitt litt.... lite pent. Det hadde fått nokre hål avdi eg hadde laga eit mønster der eg ikkje heilt klarte å redde opp masker eg mista. Og då mista eg selvfølgeleg fleire masker enn på fem andre prosjekt til saman. Meg og Murphy er gode vener sånn sett. Fargen og garnet er heilt vidunderleg, og passar ypperleg til sjal til kontorbruk om vinteren.





Men sidan det var litt holete sjølvsagt på dei mest ustrategiske plassar, hadde eg i ein lys augneblink hekla ein del blomar til å sy fast i friske fargar slik at hola ikkje skulle synast. Dette skjedde i Juli. Sjalet og blomane har ligge på vent. Men  i dag fekk eg endeleg sydd dei på. 







No veit eg då ikkje heilt kva eg synes om resultatet. Men eg trur at eg treng ein to-tre-fire blomar til kanskje for at det skal bli bra? Eg har enno ikkje fått tilbragt så mykje tid med nyskapinga på meg foran speilet, for eg hadde ein veldig ivrig medhjelpar i dag i Tussalusa på 3, som etter mykje masing om å få hjelpe meg fekk lov å sitte modell.






No er derimot alle ufoar unnagjort og tvkvelden nærmar seg.. så no har eg sjølvsagt strikkeabstinensar her eg sit!! Eg får byrje med å ha neglelakk på neglene så eg uansett ikkje kan strikke, og så får eg ta meg ein bloggrunde og lese litt interiørblader så får me tru eg held ein sofakveld utan spøtet. 

God laurdagskveld, med eller utan strikketøyet!



søndag 4. september 2011

Koseleg søndagskveld






No sit eg og nyt at søndagsroen har senka seg etter ein triveleg helgetur til Oslo. 


Eg kosar meg med ein langerma versjon av høstvesten til Pickles med laptop og mannen dandert på sjeselongen og Norskekysten på tv og ei god bok klar på lur.


Ønskjer dykk ein triveleg søndagskveld vidare!