Etiketter

Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

fredag 7. januar 2011

Januarstemning

Januarstemning er så herleg!

Åh, det er ny start og ny giv og alle julegåvene overstått og ein kan tenkje framover og leggje nye planar og ikkje minst drøyme seg vekk i alle dei flotte inspirasjonsbøkene eg har fått til jul frå familie, vener og meg sjølve, kremt kremt. Kan det bli betre?

Det tre bøkene eg sit og blar i og drøymer med no er Strikk til Nøstebarn av Kathrine Gregersen, Norske vottar og vantar av Annemor Sundbø og Strikk, komponer dine egne plagg trinn for trinn av Kari Hestnes. 





I dag har eg fått fatt i nokre hesper med Wollmeisse til og med, og eg har kome godt i gong med mitt siste prosjekt som er eit Trilliansjal.


 Det var ein liten ein som lurte fælt på kvifor mamma skulle ta bilde av strikketøyet sitt og ikkje av han ;) Han har også ei herleg januarstemning med stor iver over barnehage igjen etter ei lang, roleg jul med berre voksne. Barnehagen, jippi!!!!!! Ropa han då me kom ut av bilen i dag morges ;)




Eg storkosar meg også med å kikke rundt i alle dei flotte bloggane og finn mykje inspirasjon der også. 2011 må jo berre bli bra, er de ikkje einige!?  

tirsdag 26. oktober 2010

Å ta tyren ved horna..

I går rydda eg i garnsamlinga mi. Det var på tide! Det var ei nervøs kvinne som skred til verket og la utover innhaldet i to svulmande korger og eit utal plastikposar med diverse garnnøster, garnrestar og ikkje minst ufoar. Slik såg det ut når eg byrja å nerme meg ferdig tømt

Det såg litt skummelt ut! Men mykje av plassen på bordet vert tatt opp av ufoar på diverse stadium. Og ikkje minst fekk eg mange gode idèar når eg såg garnnøster eg hadde gløymt! Og så fekk eg endeleg oversikt over ufoane mine. Tre ufoar var nesten heilt ferdige og manglar berre knappar og eller heklekantar. Og noko krev symaskinmontering og ein vart eg ferdig med i går allereie. Etter å ha rekka opp to ufoar eg berre veit aldri kjem til å bli noko av satt eg igjen med og altså når eg la meg berre seks. Det kan eg leve med!


Og no er garnbehaldninga frisk i minnet, slik at eg kunne sitte og drøyme om ting eg vil lage når eg satt oppe med Tuss i natt som ikkje fekk sove. Eg rydda også i det fine skrinet mitt eg har kjøpt på Panduro som rommar alle nåler, sytrådar og heklenåler samt stoffsaksa mi. Er det noko eg gledar meg til etter denne oppryddinga, så er det å få eit hus med eit rom som kan være systove og romme fine kassar med nydeleg garn og stoff som ventar på ledige stunder og kreativitet! *drømmedrømme*



I posten i dag fekk eg også dette heftet. Eg kjem nok ikkje
til å ta heilt av med julepyntlaginga i år, men når det blir hus
på oss med tid og stunder kjem det nok til å ta av ja! Men eg
berre måtte ta med dette heftet når eg kjøpte Arne og Carlos-boka,
for eg syns det er så flott med slike kuler med hekla "trekk"! Det
var også mykje anna fint eg kan tenke meg å lage med tid og stunder.



I dag har eg også fått prøvd ut nokre fine nye crackle-neglelakkar. Fann ein som matcha den nye jobbintervjugenseren min eg fekk bruk for i dag, og er veldig fornøyd med det! Eg trur det vil bli mange, sære fargekombinasjonar å sjå på Strikketussa sine negler framover! Dette er grå neglelakk med både kvit og blå crakletop frå Isodora. Moro!


lørdag 23. oktober 2010

Lørdagslykke

Ahhhhhhh!
Herr Tuss er sendt ut på bursdagsfeiring, Tusseluso sover søtt i senga si og mor har satt seg godt til rette i sofaen med spøtet og nyinnkjøpt strikkebok som kom i posten i dag! Hurra!

Dagen starta like fint med ein gut som fant noko spanande å leka med aleine medan ho mor fekk nyte ein vakker kopp kaffe saman med erme-strikking. Ein flott laurdag med andre ord! :D

Boka som kom i posten var denne som eg sporenstreks måtte kjøpe etter å ha snubla over denne tråden hos Strikk og tøys.
Gjett om eg er klar for å starte juleproduksjonen! Desse kulene var kjempetøffe, og eg håper eg får dei fine nok til å gi bort til jul. Det kjekke er jo at ein kan strikke seg nokon kvar førjulstid og boka kan hentas fram år etter år! Eg pønskelerar også fælt på om ikkje eg kanskje skal bruke mønstra til å strikke andre ting. Kva med å strikke ei bord i glattstrikk i tynt garn til å sy saman med td eskimostrikk og lage juleputer? Eller kva med å lage julevottar til søte små med desse mønstra?
Er det fleire som har planar med denne boka?
Og er det fleire som berre klør i fingrane etter å få tak i mønsteret til space invaders-borda på genseren på framsida? Hadde vore PERFEKT som bord på ei hue til herr Tuss :D