Etiketter

Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

onsdag 9. februar 2011

Kjøleskapsmagnetar

I dag kom kjøleskapsmagnetane eg hadde kjøpt på Etsy.com når eg var lei av stygge kjøleskapsmagnetar og datamaskina var nærmare enn neste bytur. Fine?







Medan eg åt middag i dag satt eg og såg på dei øydelagte kjøleskapsmagnetane eg hadde plukka ned frå kjøleskapet for å rydde plass til dei nye, og så kom eg på ein idè... og før eg måtte springe for å nå trening hadde eg laga ein prototype på heimesnekra kjøleskapsmagnetar. Litt røffe og sjarmerande synes eg! (Det same kan vel seiast om fotograferinga i det her tilfellet, kremt)







Til slutt må eg berre ta med den nydelege vårfargen eg har kosa meg med på negla dei siste dagane. Når det bikkar over i februar er eg ikkje så glad i hverken stearinlys eller mørke dramatiske fargar lengre, då er det knæsje fargar og lys som er målet! 



søndag 30. januar 2011

Mine første sofaputer!

Då eg gifta meg i 2009 skal eg ikkje skryte på meg at ME ønska oss symaskin, men eg ønska meg det hos mine søstre, og me fekk no det ;)


Eg har lenge hatt som lokkemiddel i bakhovudet at når eg var ferdig med masteroppgåva mi skulle eg sy meg nye sofaputer! Og dei skulle væra gule! Men når eg var på stoffhandel vart det IKEA og ikkje Stoff og Stil sidan det jaggu var eit par tre andre ting som også måtte gjerast når oppgåveinnspurten var ferdig. Rart det der. Og på IKEA hadde dei ikkje noko gult stoff som eg likte. Og det som var gult var ikkje fullt så gult som eg ville ha det. Men eg falt heilt pladask for eit nydeleg oransje stoff med fine fuglar på. Og heldigvis har eg ein mann som elskar oransje!

Så i kveld har eg kosa meg med den flotte symaskina mi og no sit eg i ein oransje putehaug og kosar meg med ein bloggrunde. Fine søndagen!