Etiketter

Viser innlegg med etiketten garn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten garn. Vis alle innlegg

onsdag 10. august 2011

Sokkedilla!







Det var ein rufsete vår for meg i år, og bloggoverskotet var plutseleg heilt borte. Så sommaren har blitt nytta til å fylle på energilageret. Sakte men sikkert har virkelyst returnert. Energien har blant anna fått påfyll frå turar med kaffekoppen i go-stolen på terrassen med interiørblader. Om ein månad håpar me å starte graving på hustomta vår! Så mykje kreativ energi går inn i interiør, gulv og baderomsinteriør for tia. Og no har eg då fått sokkedilla! 

Det heile byrja med ein Zauberball.





Biletet er frå 123knit.com der eg kom over denne fargeklatten som passa svært så godt til min til tider fargesterke smak! Det er Zauberball single. Og for et herleg, mjukt garn som kom i posten! 

Av dette garnet vart det ein heil liten produksjon! For den nette sum av 80 danske kroner har eg trylla fram sokkar til meg, sokkar til treåringen min, sokkar til ei lita nyfødt ei og vottar til ein som framleis ligg og kosar seg i ein venninnemage. 







Og mannen har også fått seg sokkar.
Dei var littegranne større enn ny-babyen sine!


Mannesokkane er strikka i raggegarn frå stoff og stil. Den flotte turkise tåa er Mor Åse-garn som dei sel på Rema 1000.



No har det kome eit par tantebarnsokkar på pinnane, og i hodet surrar det rundt med mange strikkeprosjekt på ønskelista. Og i sykorga er det ferdig klippa stoff til barnedynetrekk og sofaputer.


mandag 24. januar 2011

Snart action igjen frå Strikketusso!

Snart action igjen frå meg, har vore meget stille i januar men det har sine gode grunnar. Her om dagen vart endeleg masteravhandlinga mi levert i trykken! DET har gjort underverker for kreativiteten og ikkje minst tida til rådighet. Dette vart feira på den mest fornuftige måten eg klarte komme på ;)



No ligg det diverse koselege garnnøster og flotte knappar og glidelåsar og oppskriftsbøker og inspirasjonsbøker og ikkje minst mykje meir tid til å strikke og sy og kreere! Hurra! 






Dette er wollmeisse-garn, slike forundringsposar. Dei måtte eg berre nøste opp midt i korrekturlesinga for å få kose litt med dei ;) I morgon kjem det bilder av nye vesten min som eg strikka ferdig i går, den er grøn og varm og nydeleg!

tirsdag 9. november 2010

Heimekontor


Det som er koseleg med siste hausten som student er at eg framleis kan ha heimekontor når mini skapar lurveleven halve natta og ein ikkje har mykje anna valg enn å sove litt frampå for å hente seg inn at. I dag var natta slutt 03.40 syntes Tussaluso mi. Mamma er ikkje heilt enig, men han har slike periodar innimellom og det er berre å prisa seg lukkeleg at ein er to til å dele nattevåken.

Min start på dagen i dag var slik

Snø og mandarin høyrer saman i mi bok!


Koppen er frå Rice, dei er mine nye favorittkoppar! På pinnane nett no er ei bursdagsgåve til ho mor. Ein julehandduk til det nye kjøkenet som dei held på å bygge no i desse dagar! Eg tenker og å lage ein adventsklut og kanskje ein slik raud klut også. Oppskrifta fann eg i ABC for strikkeentusiastar av Maria Parry-Jones. Herr Tuss syntes kanskje eg overdreiv litt når eg leste i den medan eg pussa tenna her om dagen, men me veit jo alle betre. Døgnet har rett og slett ikkje nok timar med plass til håndarbeid, og i alle fall ikkje før jul!



Så var det tid for oppgåveskriving. Men først: når ein ligg våken halve nettene så tenker ein mange glupe tankar. I natt var det særskildt ein tanke som saug seg fast og ikkje ville sleppe taket. Og det var dette garnet og denne korga frå nyhetsbrevet til Pickles.no. Så det var ingen veg utanom å starte dagen med å sende inn ein bestilling i nettbutikken Det var ikkje det! 


Den gule er handla inn, den turkise står høgt på ønskelista!



Og sidan ein hadde heimekontor kunne ein multitaske litt sidan pc-arbeid er perfekt å kombinere med ein manikyr og ein stor kopp te. Indiska har litt for mange nydelege koppar, men te smakar jo mykje betre i ein enorm rosa kopp med gullkant, ikkje sant?