Etiketter

lørdag 10. september 2011

UFO-helg




Denne helga har eg sjølvpålagt strikkepause for slitne skuldre og nakke. 

Eg klarte å nytte første stunda eg vanlegvis ville satt meg med strikketøyet på ein laurdag formiddag til å gjennomført sårt tiltrengt rydding i strikkekorgene. Det viktigaste var skilje frå kvarandre og flytte endelause smårestenøster over frå strikkekorga under sofabordet til den dedikerte restegarnskorga i skjenken, og flytte alle strikkepinnane over i strikkepinneveska. Så var det tid for ufoane. Ein vart rekt opp, og andre fekk knappar dei mangla eller festa trådane sine. 

Ein av ufoane var eit grønt sjal strikka av ein Grashopfer-meis og som var strikka utan mønster og som var blitt litt.... lite pent. Det hadde fått nokre hål avdi eg hadde laga eit mønster der eg ikkje heilt klarte å redde opp masker eg mista. Og då mista eg selvfølgeleg fleire masker enn på fem andre prosjekt til saman. Meg og Murphy er gode vener sånn sett. Fargen og garnet er heilt vidunderleg, og passar ypperleg til sjal til kontorbruk om vinteren.





Men sidan det var litt holete sjølvsagt på dei mest ustrategiske plassar, hadde eg i ein lys augneblink hekla ein del blomar til å sy fast i friske fargar slik at hola ikkje skulle synast. Dette skjedde i Juli. Sjalet og blomane har ligge på vent. Men  i dag fekk eg endeleg sydd dei på. 







No veit eg då ikkje heilt kva eg synes om resultatet. Men eg trur at eg treng ein to-tre-fire blomar til kanskje for at det skal bli bra? Eg har enno ikkje fått tilbragt så mykje tid med nyskapinga på meg foran speilet, for eg hadde ein veldig ivrig medhjelpar i dag i Tussalusa på 3, som etter mykje masing om å få hjelpe meg fekk lov å sitte modell.






No er derimot alle ufoar unnagjort og tvkvelden nærmar seg.. så no har eg sjølvsagt strikkeabstinensar her eg sit!! Eg får byrje med å ha neglelakk på neglene så eg uansett ikkje kan strikke, og så får eg ta meg ein bloggrunde og lese litt interiørblader så får me tru eg held ein sofakveld utan spøtet. 

God laurdagskveld, med eller utan strikketøyet!



1 kommentar:

  1. Hi hi så herlig hjelper!

    Ordentlig fresht skjerf det der! Kanskje et par blomster til men ikke så mye mer enn det.

    SvarSlett