Etiketter

fredag 22. oktober 2010

På pinnane

Det er berre å inrømma det med ein gong. Eg er elendig til å strikke prøvelappar. Og eg strikkar fast. 

Etter eit nyleg uhell med ein genser som vart tre gongar for stor til Tussaluso, så brukte eg ikkje eit hakk større pinnar denne gongen, slik eg bør på glattstrikk. Så dette er altså den nydelege Haustvesten til pickles.no som skal få kvite daysiar. Og den skal då passe til søte tantebarnet på ett år, men eg trur nok den kjem til å havne hos nabokona som ventar ei lita jente i januar ja!

Det blir spanande å sjå når den er ferdig. Ein gløymer jo også så fort kor lite str 80-86 er også då.. Fargen Gress på Pickles sitt Abuelita baby merino er så nydeleg irl, men grønt er ikkje enkelt å feste til kamera.

2 kommentarer:

  1. Blir spennende å se hvem vesten blir til! Men husk at lengdemessig så vil den jo bli som oppskriften sier. :-)

    SvarSlett
  2. ja, du det satt eg nett og tenkte på faktisk! Størrelsesproblemet ligg litt i at eg strikkar på ein liten rundpinne, og det er dermed vanskeleg å sjå størrelsen skikkeleg!

    SvarSlett