Etiketter

torsdag 15. september 2011

Haustvest med lange ermer



Eg har strikka fleire haustvestar frå Pickles,  og er veldig glad i daisymønsteret og ikkje minst Abuelitagarnet. Så når eg ville strikke ein hausgenser til lille tantebarnet på to år, fall eg for ideen til A-Is verden. Ho hadde strikka ein nydeleg rosa versjon av haustvesten med lange ermer til si dotter.





Lyset på biletet vart frykteleg dårleg, men eg hadde ein noko utålmodig Tussalus i beina som heller ville ta bilder av seg sjølv og tigeren sin. 

Genseren er strikka i størrelse tre år, og då såg den nokså passe ut for denne vinteren for ei som vart to i sommar. Eg nytta ermestørrelsen som var oppgitt på dei små ermene til vesten, men starta med 12 færre som eg jamt auka oppover. Eg hadde ei mindre rad med daisyer enn oppskrifta til vesten og lagde heller ein litt større kant øvst med kvit glattstrikk. Saman med den multifarga garnet som heiter hvitt&orange&brun, synes eg det gav eit 
70tallspreg som eg vart skikkeleg nøgd med.







Eg strikka også ei hue til genseren av det samme garnet, det er frå Melkers barnehagesett, òg frå Pickles. Genseren vart pakka ned og sendt til mottakaren i løpet av mi strikkefrie helg, før eg rakk å tenke på å vege den for å sjekke garnforbruket. Hua er i størrelse to år og til den nytta eg 24 gram garn.







 På pinnane no er ein barnehagedress til Tussalusa mi til vinteren. Den er frå Nøstebarnboka og skal få glidelås etter ønske frå herr Tuss.




3 kommentarer:

  1. Den ble kjempefin den genseren! Jeg skjønner at jeg har nedvurdert hvitt en lang stund nå siden det er så mange fine farger der ute, må nok revurdere det litt. Veldig fin fargekombinasjon på dressen også!

    SvarSlett
  2. LIKER 70-talls stilen på de fargene!!!

    SvarSlett
  3. Ja, det vart skikkeleg retro! :-)

    Kvitt kjem nok til å bli høgare prioritert her òg framover!

    SvarSlett