Etter mykje tynt garn og mange strikkeprosjekt som krever tålmodighet var det på tide med ei helg der eg fekk produsert litt! På fredag handla eg difor inn Eskimo frå Garnstudio i nydelege lillafargar for å lage litt julegåver. Eg er utruleg glad i Eskimo, det er så varmt og gir så mjuke og ikkje minst varme plagg til Trøndervinteren! Og så er eg veldig glad i fargekartet også. Helga endte opp med ei julegåve som er 80% ferdig og avventar garninnkjøp i morgon, og to ting til meg. Kremt. Dei vart berre så fine! Og kvelden er enda ung.
Denne her for eksempel? Denne skulle bli julegåve til svigerinna mi. Men eg må kjøpe nytt garn og lage ei til henne seinare, for denne har eg berre i kjedelige muldvarp sjølv, så denne måtte bli mi. Godt det er snø og meldt kaldare dei nermaste dagane så eg får brukt den! Dobbel Eskimo er nemleg noko som berre passar når det er blå grader.
Blits gjorde fargen litt meir rosa enn den egentleg er |
Det er denne fargen som er mest naturtro |
Julegåva som eg egentleg skulle få unna denne helga hadde eg ikkje nok tråd til då eg ville lage det ekstra luftig og kjørte på med pinne nummer 15. Det skal bli eit sjal som er varmt nok til å holde kulda unna når ein er ute i snøen med ei ivrig lita ei på 1,5 år! Då må det være eskimo. Så då må eg tilbake og kjøpe meir garn i morgon. Triste greier! Kremt. Då tippar eg det havnar tråd i posen min til denne hua som Strikk og tøys frista meg med!
Julegåva ligg fint og ventar på toppen av to av mine garnkassar. Er ikkje fargen flott? Eg trur det blir stort nok, gitt! Oppå ligg eit av mine fire nøster delight som eg ikkje klarar å finne ut kva eg skal bruke til. Hmm..
No sit eg med siste omgongane av eit pannebond. Eg har jo langt hår og har ikkje noko varmt pannebånd til dagar med hestehale, så då brukar eg opp resten av garnet frå lua med ein gong like så greit. Breitt og varmt og lilla!
Så gjeld det berre å finne eit nytt prosjekt å starte på, for det må være noko raskt sidan dette gule nydelege Picklesgarnet litt og ventar på meg på posten! I morgon kveld er det klart for Bestemorkorghekling! Hurra! Er det nokon andre som har prøvd seg på ei slik korg? Eg gledar meg til å kjenne på garnet. Eg driv og drøymer om ting det kan brukast til... og så fine fine fargane!
Fine fargene! Er det samme lua som jeg strikka i fjor? Du kan jo feks strikke baktusskjerf av et par nøster delight! ;-)
SvarSlettbaktusskjerf? Kor finn eg det?
SvarSlettJa, det er den hua eg har strikka to av før og du og har vel strikka den. Gjort på ein kveld og fin og varm. Trur det blir nokre av dei under diverse juletre i år :)
Skal si du er produktiv ;) Bella vottene er knallenkle å lage, så hopp i det ;)
SvarSlettSøk etter baktus på ravelry :) Tenkte jeg skulle lage meg et sånt et av ene zauberballen min.
SvarSlettWow, effektiv!! Masse fine ting!!
SvarSlett