Det har vore stille frå denne kanten ei stund no. Men det er ikkje avdi eg ikkje har strikka. Det er avdi at eg har drive med sjonglering av litt for mange prosjekt på ein gong. Det er har gjort på strikkefronten er å lage ei lue og eit pannebånd. Lua er allereie avlevert som bursdagspresang og den fallt i smak! Det er Pickles si vaffellue, kjempekjekk og rask å strikke. Eg klarte ikkje la være etter å ha lest Strikk og Tøys sin erfaring med oppskrifta. Garnet ho brukte har eg sikla på lenge hos garnlangaren min, og denne fargen her var berre heilt utruleg nydeleg! Dette er Tinde frå Gjesdal, farge nr 812.
Pannebåndet er frå Garnstudio og oppskrifta finn du her. Eg har strikka det i Pickles sitt organisk Alpakka. Det går i julegåvehaugen. Eg har gjort ei endring på oppskrifta, og det er at eg har strikka det med ei mindre auke slik at det ikkje vert fullt så breitt.
Neste prosjekt som er på pinnane er ein vill vest frå Pickles.no. Det er også eit julegåveprosjekt.
Hei:) Så mye fint du lager, og så heldige de er som får hjemmelagde gaver til jul!
SvarSlettTakk takk :) Er så koselig med jul synst eg, når ein kan lage fine ting med mange fine tankar strikka inn i seg!
SvarSlett