Etiketter

lørdag 4. desember 2010

Eg har fått award!

Den nye bloggen min som det har vore så kjekt å starta opp har fått award! 
Eg er litt overraska sidan eg har hatt mykje dårleg samvit overfor bloggen, for eg rekk aldri å få tatt skikkelege bilete sidan eg har byrja i full jobb samtidig som eg skriv ferdig masteren min og har ein toåring. Kremt. 

Men denne awarden frå kreative og flinke Komadyret gjer meg superklar for å lage mykje fint, ta mange fine bilete og kose meg med bloggen og håndarbeidet i 2011. Tusen takk for det gode skussmålet i oppstarten! :)







Med awarden kjem ei utfordring. Først å fortelje om tre ting eg likar å gjere. Det er lett, eg kunne lagd ei laaaang liste på det!

1) Den første er veldig enkel. Det beste eg veit er når ein av oss vaksne har sove lenge i helga og det er på tide å stå opp. Då kjem vesle guten på to og mamma og pappa alle samen opp i senga og kosar og tøyser og syng littegrann. Eg trur ikkje livet kan bli betre

2) Håndarbeid!! Det må jo med på ei liste på bloggen min ;)  Eller, faktisk. Det aller beste med håndarbeid som hobby er å sitje og leite gjennom nydelege oppskrifter og garnbutikkar og drøyme om neste prosjekt! DET er stas det.

3) Og det siste eg vil nevne er ein annan hobby eg har erverva meg siste året. Neglelakk. Åh, så mykje glede ein kan få av å ha ti små fargeklattar på hendene! No ventar eg i spenning på ein pakke i posten som i tillegg til litt julegåver inneheld ein knall gul og ein knall grøn neglelakk til meg!



Neste utfordring er å syne fram mitt favorittbilete. Der har eg mange mange! Eg har tross alt fått meg ein liten gut som eg berre elskar å ta bilete av. Det eg vil trekkje fram i dag er eit favorittbilete frå i sommar, som jo då også er profilbiletet mitt. Den flotte, flotte mei taien vår er det mammaen min som har sydd til oss. 





Og den siste utfordringa var å gje awarden vidare til tre andre flotte bloggar! Det er jammen vanskeleg å berre velje seg tre, og er er ikkje på langt nær komen meg gjennom alle håndarbeidsbloggane som er der ute heller. Men her kjem lista mi med bloggar som eg syns er verdt ein kikk, av tre forskjellege grunnar.

Denne har eg valgt ut fordi ho lagar mykje fint, og fordi ho har så herleg, tørr humor :) 

Denne var ein av dei første bloggane eg fallt skikkeleg for, og den er vel verdt eit besøk. Om ikkje anna så berre på grunn av den nydelege layouten! 

Silje vanilje får ein blogg av meg avdi ho er så flink å lage flotte ting til seg sjølv og ikkje berre lagar gåver. Masse fint her! 


Håper de tek utfordringa jenter :) 

No skal eg pjona vidare på eit par vottar. Eg har vottehelg!


6 kommentarer:

  1. Gratulerer så mye med Awarden

    Ha en fin lørdagskveld
    klem

    SvarSlett
  2. ÅJ!!gratulerer så masse! og den fortjente du!!:) og tusen takk, jeg ble velding smigret nå og tar selvfølgelig utfordringa!!

    fortsatt fin søndag!

    SvarSlett
  3. Hej igjen:) Har bare laga to vaffellue, men d e to til på pinnan nu som ska under juletreet! æ har brukt garnet som pickles bruke, en tråd abuelita tjukk merino og en tråd pickles silk mohair. d e sistenevnte som gjør at d blir loddent:) like blandinga veldig godt!!:)

    SvarSlett
  4. Ja, skal kjøpe det til siste vaffellua eg skal lage til jul, og ei til meg i kveld :) Gå litt amok i nettshoppen der tenker eg ;)

    Sit med vaffellue i kveld også eg!

    SvarSlett
  5. Hei, fin blogg du har, nå har jeg kikket gjennom hele. Fant den via Hobbyboden, altid gøy å finne nye fine blogger.
    Hilsen Judith

    SvarSlett
  6. Tusen takk Judith! Må inn og kikke hos deg no! :)

    SvarSlett