Etiketter

mandag 29. august 2011

Førebuingar til kaldare dagar

Eg pleier å være veldig flink til å glede meg til ting. Når det nærmar seg noko nytt gledar eg meg som regel til det heller enn å dvele med det som har vore. Så også når hausten nærmar seg.


Eg har byrja å glede meg til

....å ta i bruk dei fine ullsjala eg har strikka i sommar
 å strikke og bruke tjukke, varme plagg
tenne stearinlys til middagen
gå med skolettar og støvelettar igjen... :-)

Sidan eg er innflyttar-trønder har eg i disse dagar sommar, så det var jaggu ikkje lenge litle tussalusa mi godtok å være huemodell i dag! 

Men i helga har eg har altså ferdigstillt to gode ullplagg til barnehagehausten. Den er nok like rundt hjørnet!









Hua er frå Pickles, og er lua til Melkers barnehagesett. Den er strikka på pinne nr 3,5 med abuelita 3tråds og veg berre 20 gram, men er mjuk, varm og god! Den var veldig rask og kjekk å strikke! Moro med striper, då kjennes det som om det går ekstra raskt!


Halsen er frå strikk til nøstebarnboka, og er strikka i Malabrigo i fargen Lettuce på pinne nr 3,5. Det gjekk med 24 gram garn. Den var nok i kategorien litt kjedeleg å strikke på grunn av mykje vrangstrikk. Har eg nevnt at eg er ein lat strikkar? -- kremt--



Ha ei flott veke!

3 kommentarer:

  1. Så fine de var! Særlig stripene på lua :)

    SvarSlett
  2. Flaks at jeg fryser på tærne fra august til mai - ikke rart jeg har høyt sokke/tøffelforbruk ;) disse barnehageklærne blir du nok å bli veldig glad i utover høsten og vinteren, veldig fine og friske farger! :)

    SvarSlett
  3. Takk!

    Ja eg er veldig nøgd med stripene på hua, dei gjorde den også veldig rask å strikke!

    SvarSlett