Etiketter

onsdag 10. august 2011

Sokkedilla!







Det var ein rufsete vår for meg i år, og bloggoverskotet var plutseleg heilt borte. Så sommaren har blitt nytta til å fylle på energilageret. Sakte men sikkert har virkelyst returnert. Energien har blant anna fått påfyll frå turar med kaffekoppen i go-stolen på terrassen med interiørblader. Om ein månad håpar me å starte graving på hustomta vår! Så mykje kreativ energi går inn i interiør, gulv og baderomsinteriør for tia. Og no har eg då fått sokkedilla! 

Det heile byrja med ein Zauberball.





Biletet er frå 123knit.com der eg kom over denne fargeklatten som passa svært så godt til min til tider fargesterke smak! Det er Zauberball single. Og for et herleg, mjukt garn som kom i posten! 

Av dette garnet vart det ein heil liten produksjon! For den nette sum av 80 danske kroner har eg trylla fram sokkar til meg, sokkar til treåringen min, sokkar til ei lita nyfødt ei og vottar til ein som framleis ligg og kosar seg i ein venninnemage. 







Og mannen har også fått seg sokkar.
Dei var littegranne større enn ny-babyen sine!


Mannesokkane er strikka i raggegarn frå stoff og stil. Den flotte turkise tåa er Mor Åse-garn som dei sel på Rema 1000.



No har det kome eit par tantebarnsokkar på pinnane, og i hodet surrar det rundt med mange strikkeprosjekt på ønskelista. Og i sykorga er det ferdig klippa stoff til barnedynetrekk og sofaputer.


1 kommentar: