Etiketter

søndag 26. desember 2010

Vertinnegåve

I dag skal eg på julebesøk til ei av mine kjære søstre. Ho har kjøpt seg nytt hus og har laga til jul for første gong! I dag skal eg i veg med mann og born og ete hjortesteik med mamma og pappa og ei søster til med hennar familie. Eg gledar meg! 

Eg tek med meg ein vertinnegåve som eg berre måtte prøve meg på etter å ha lest om den i bloggen til Snuppesnella. Utruleg søte tøfler som sit kjempefint på foten! Og dei er kjappe å lage også. Passar veldig godt til dei tv-programma ein faktisk må følgje litt med på også ;) 


Her er nokre bileter eg knipsa av dei på min egen fot. 









Der er veldig vanskeleg å sjå er tøfler sånn med første augnekast. Så eg kjem vel ikkje til å sei kva det er med det første tenkjer eg. Dei er strikka i garnet STERK frå Du Store Alpakka.


2 kommentarer:

  1. Så koselig at du har vært innom bloggen min slik at jeg har blitt oppmerksom på den fine bloggen din! :) Her blir jeg nok å titte innom iblant! Disse tøflene har jeg også strikket noen par av, og de er jo så flotte :)

    SvarSlett
  2. Takk for besøket :) Ja, disse tøflene blir det nok nokre av kan eg tenke meg! Mange moglegheiter til å pynte dei også!

    SvarSlett